Éin million ukastrerte kattar i Storbritannia

Engelske dyrevernsorganisasjonar opplever at færre kastrerer kattane sine. Dei er redd det vil gjera at dei får fleire heimlause kattar. I Noreg er også problemet med heimlause kattar veldig stort.

Talet på kastreringer har ifølgje den britiske dyrevernsorganisasjonen RSPCA, gått ned frå 91 prosent til 86 prosent. Det er det lågaste på 9 år.

Ifølgje ein talsperson for RSPCA skal meir enn éin million kattar vera ukastrerte, skriv Dagbladet.no.

Ein kjønnsmoden, ukastrert hokatt og ein ukastrert hannkatt vil, viss dei får gå fritt, i gjennomsnitt produsera 12 ungar i løpet av eit år. Kastrering er eit kirurgisk inngrep der ein veterinær fjernar testiklane hos hannkatt eller eggstokkane hos ein hokatt.

GIF: Giphy.com

Mange har skaffa seg katt

Pandemien får mykje av skulda for det store talet kattar. Då samfunnet vart stengt ned som følgje av covid-19, oppstod det auka etterspørsel etter kjæledyr. Men nedstengninga har samtidig gjort at færre har fått kastrert katten hos veterinær.

– Det resulterte i lange ventelister for rutineprosedyrar, som til dømes kastrering. Dette kan ha ført til at det er vorte fødd eit høgt tal uønskte kull som vil bety økt press på dyrevernsorganisasjonar, forklarer Watson.

Heimlause kattar

Dagbladet har snakka med dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Noreg, Åshild Roaldset, som fortel om same problem her til lands.

– Derfor opplever me dumping av kattar som ingen vil ha. Problemet med heimlause kattar er kjempestort i Noreg heilt uavhengig av pandemien.

Dersom talet på kattar aukar, samtidig med at færre kattar blir kastrerte, vil det ifølgje Roaldset raskt kunna medføra ein alvorleg auke i heimlause kattar.

(Kjelde: Dagbladet, Dyrebeskyttelsen Norge)