Trudde flaggermusa var utrydda – oppdaga på nytt etter 40 år

Ein kritisk truga flaggermus-art som ikkje var sett på på 40 år, er funnen i Rwanda. Den utrulege oppdaginga gledar naturvernarar, som frykta den var utrydda for lenge sidan.

– Å gjenoppdaga den var utruleg. Det er forbløffande å tenkja på at me er dei første som har sett denne flaggermusa på så lenge, seier Jon Flanders i ei pressemelding.

Han er direktør i Bat Conservation International (BCI), som er ein organisasjon frå Texas i USA. I 2013 gjekk dei inn i eit samarbeid med Rwanda Development Board og Rwanda Wildlife Conservation Association.

Målet var å gjera undersøkingar i den tette jungelen som finst i det afrikanske landet, for å sjå om dei kunne oppdaga den frykta utrydda flaggermusa. Det skriv The Guardian i ei sak. 

– Andletstrekka var overdrivne til det komiske

I 2019 skulle forskarane treffa blink. Etter ein ti-dagars ekspedisjon gjennom grottene i regnskogen, fann dei flaggermusa.

Dei forstod fort at det kunne vera den truga flaggermusa dei hadde funne. Den er nemleg kjent for å ha eit noko spesielt andlet.

– Me skjønte at flaggermusa me hadde fanga var uvanleg. Andletstrekka var overdrivne til det komiske. Hesteskoflaggermus er lett å skilja frå andre flaggermus, på grunn av den karakteristiske hesteskoforma og den spesielle huda den har på nasen, seier sjefsforskar ved BCI, Winifred Frick i pressemeldinga.

– No byrjar det verkelege arbeidet vårt

Etter å ha gjort forskjellige og forsiktige undersøkingar av flaggermusa, slapp forskarane han tilbake i det fri. Deretter starta den store jobben – nemleg å finna ut om det faktisk var den truga arten dei hadde oppdaga.

Flandern besøkte fleire museumsarkiv i Europa, for å samanlikna bilder med dei einaste kjende eksemplara av hesteskoflaggermusa. Etter tre år, kunne dei slå fast at den truga arten framleis eksisterer. 

– No byrjar det verkelege arbeidet vårt, der me skal finna ut korleis me kan verna denne arten langt inn i framtida, seier han.