Vald mot kjæledyr

Vald mot kjæledyr er ei form for vald i seg sjølv, men kan òg sjåast som ein måte å ramma andre personar på.

Her kan du ringa/chatta om du treng nokon å snakke med:
  • Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og det er gratis.
  • Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunens si heimeside.
  • Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
  • Ring Kors på halsen som har nr. 800 333 21. Det er heilt anonymt og gratis. Du kan også chatta anonymt på nettsida deira korspåhalsen.no.
  • SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9-19 år. 
LES FAKTALUKK FAKTA

– Vald mot kjæledyr er ei form for vald i seg sjølv, men kan òg sjåast som ein måte å ramma andre personar i husholdet på; til dømes når ein valdsutøvar bruker truslar om å skada eit høgt elska kjæledyr som eit middel for å kontrollera eller undertrykka andre familiemedlemmar, fortel Maria Teresa Grønning Dale til Nasjonalt Kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.