Kina har funne glas på månen

Kina har funne gjennomsiktige glaskuler på månen. Kulene vart oppdaga av måne-roveren deira, som heiter Yutu-2.

GIF: giphy.com

Yutu-2 har vandra rundt på månen og fotografert det han har sett sidan 2019. Nyleg sendte han tilbake nokre bilder frå den mørklagde sidan av månen, der menneske aldri før har vore.

Og på desse bilda fann forskarane noko spennande, skriv BBC Newsround.

Yutu-2 hadde nemleg tatt bilder av sfæriske glasskuler, som forskarane estimerer å vera mellom 15 og 25 millimeter store. Slike kuler er aldri før oppdaga på månen.

Les også: Astronautane øver på måneferd – under vatn

Vanleg med glas på månen

– Kulene blåste oss rett og slett av banen, sidan dei er så unike på månen, seier Dr. Zhiyong Xiao til Scitechdaily. 

Han leia teamet av forskarar som oppdaga det uvanlege funnet.

Sjølv om ein kanskje skulle tru at det var uvanleg med glas på månen, er det faktisk ikkje det. Glas blir danna når silikatmateriale blir utsett for høg temperatur. Silikat er eit vanleg mineral som finst i bergartane på månen.

Forskarane trur at glaset kan stamma frå vulkansk glas, som så er blitt smelta på nytt i eit meteorittnedslag. No håpar dei at kulene kan vera med på å gi dei informasjon om månens tidlege historie.

Les også: Toyota lagar månebil – håpar folk kan bu på månen innan 2040