Klæbo vil ikkje konkurrera i Russland

Etter planen skal verdscupavslutninga gjennomførast i Russland. Det nektar Johannes Høstflot Klæbo (25) å vera med på, og no ber han FIS om å handla.

– Det som skjer i Ukraina no er skremmande, og noko som eg verkeleg må fordømma. Det kjennest uverkeleg, og det set verda vår i ein ny og farleg situasjon. Det er krig – og me går inn i ei tid med ekstra høg risiko på fleire område, seier Johannes Høsflot Klæbo til VG.

Natt til torsdag invaderte russiske styrkar Ukraina. Det har vore eksplosjonar i hovudstaden Kyiv. Fleire andre byar er under åtak.

Midt oppe i den uverkelege situasjonen i Ukraina, har det no oppstått ei knipe – nemleg at fleire idrettsutøvarar ikkje vil reisa til Russland for å konkurrera i idretten sin.

Les også: Russland har gått til åtak mot Ukraina

Vil ikkje konkurrera i eit land som invaderer andre

Johannes Høstflot Klæbo er ein av desse.

Han reagerer sterkt på at Det internasjonale skiforbundet (FIS) ikkje har flytta det planlagde verdscuprennet som skal arrangerast i Tjumen i Russland i mars. Han seier til VG at han personleg ikkje har planar om å reisa til eit land som invaderer eit anna land – for å konkurrera på ski.

– FIS kunne ha reagert langt raskare og dessutan gitt Östersund og Sverige avslutninga på verdscupen. Eg forventar at FIS aksjonerer i dag, seier han.

Blir ikkje verdscuprenn i Russland

Fredag formiddag vart det klart at Russland ikkje får stå som arrangør for dei kommande verdscuprenna i langrenn, hopp og fristil. Det skriv NRK i ei sak. 

Som følge av situasjonen i Ukraina blir alle desse renna flytta til eit anna land, eller avlyst.

Les også: Kva skjer i Russland og Ukraina?