Kvifor kan me ikkje lukka øyro?

Hadde det ikkje vore fint om du kunne lukka øyro når det bråkar?

Augelokka vernar auga – og lukkar me munnen, forhindrar me rusk i å komma inn. Øyro våre kan derimot ikkje lukka seg. Kvifor det?

Ung.forsking.no har snakka med Jarl Giske. Han er evolusjonsbiolog ved Universitetet i Bergen.

– Det korte svaret er at det er lenge sidan me utvikla oss i vatn, seier Giske.

GIF: Giphy.com

Ifølgje evolusjonsbiologen slutta forfedrane våre å vera fiskar for rundt 380 millionar år sidan. Då kom dei kom opp på land, og derfor har me ikkje hatt behov for å kunna lukka øyro slik som sel og andre dyr i vatnet.

Hår og hinne

Dyr på land som må verna seg mot rusk og støv, til dømes i ørkenen, har heller utvikla hår i øyro enn ein lukkemekanisme. Menneske har òg hår i øyro, fortel forskaren.

Sjølv om øyro ikkje kan lukkast att, har menneske ei trommehinne i øyro. Det er som eit lokk som stenger for vatn, støv og insekt. Men, den er så tynn at me alltid kan høyra lydar godt.