NRK Super, Lær Kidsa Koding og kunnskapssentera i landet inviterer skuleklassar og kodeklubbar rundt om i landet til å bli med på super:bit-kampen. Vinnarlaget blir invitert til MGPjr-finalen i Trondheim 28. mai.
Kvart lag må bestå av to-tre barn i alderen 10-13 år (5.-7. trinn), og ein vaksen kontaktperson. Kvar skule eller kodeklubb kan berre melda på eitt lag til finalerundane.
Her er oppgåva laget må løysa for å kvalifisera seg:
- Bygg og pimp den kulaste Biten:Bot-bilen de klarer. Her gjeld det å tenka kreativt!
- Få Bitar:Bot-bilen til å køyra ved å bruka ein micro:bit som fjernkontroll (radiostyring).
- Lag deretter ei hinderløype som Bit:Bot-bilen skal køyra gjennom.
- Heile oppgåva skal filmast og sendast inn som éin video på maks eitt minutt.
Påmeldinga er open frå 10. januar 2022 til 18. februar 2022.
Les meir om super:bit-kampen her!
Video øvst i saka: NRK Super / YouTube