Skattekart over Antarktis spår gøymeplassane til minst 300 000 meteorittar

Ved hjelp av kunstig intelligens har forskarar kartlagt kor meteorittar truleg ligg – det kan spare mange kroner og vere av stor verdi for vitskapen.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at Flest elevar blir mobba på 5. til 7. trinn og at TikTok forbyr feilkjønning og framsnakk av konverteringsterapi.


Kring 62 prosent av alle meteorittar funne på jorda er på Antarktis.

Nye kalkuleringar frå nederlandske og belgiske forskarar tilseier at det truleg finst meir enn 300 000 meteorittar på Antarktis, og som enno ikkje er funne.

No har forskarane laga eit skattekart over kor meteorittane truleg gøymer seg på det islagde kontinentet. 

– Vi har funne fleire meteor-rike område som aldri før har vorte besøkte, og som er relativt nært forskingsstasjonar, seier Stef Lhermitte, som har teke del i arbeidet saman med professor David Tax, i ei pressemelding frå Det tekniske universitetet i Delft.

Isørken

Størsteparten av Antarktis er dekt av snø, men nokre stadar er blå is synleg. Det er her ein enklast kan sjå og oppdage meteorittar.

I og med at Antarktis er den kaldaste og tørraste plassen på jorda, så vert meteorittane godt bevarte. Ifølgje NBC News er det funne kring 45 000 meteorittar på Antarktis, nesten to tredelar av alle meteorittar funne på jorda så langt.

Professor Ralph Harvey frå prosjektet Antartic Search for Meteorites hjå National Science Foundation, fortel at det sikkert fell færre meteorittar på Antarktis per kvadratkilometer, enn andre stadar:

– Men om du vil finne ting som dett ned frå himmelen, legg ut eit stort kvitt ark. Og Antarktis er som eit 5000 kilometer breitt ark, forklarar han til NBC News.

Samstundes trur den nederlandske og belgiske forskargruppa at mindre enn 15 prosent av alle meteorittane på Antarktis har vorte samla inn.

Desse meteorittane kan ha stor vitskapeleg verdi.

En halv milliard år med historie

Ifølgje Smithsonian Magazine estimerer geologar at over 99 prosent av meteorittane i den antarktiske samlinga kjem frå asteroidebeltet, medan medan meteorittar frå høvesvis månen eller Mars utgjer mindre enn 1 prosent.

Dei fleste meteorittar frå asteroidebeltet er 4,6 milliardar år gamle.

– Så om vi ynskjer å forstå den første halve milliarden år av historia til solsystemet vårt, er meteorittar staden å gå, seier Tim McCoy ifølgje Smithsonian Magazine.

 

80 prosent treffsikkert

Det er likevel fleire utfordringar med å vere på meteorittjakt. Ifølgje Smithsonian Magazine vil ein fjerdedel til ein tredel av alle dagane på Antarktis vere ueigna til leiteoppdrag, anten fordi det er for mykje vind eller fordi dagslyset gjer det vanskeleg å orientere seg i det kvite landskapet.

Sidan ein ikkje veit nøyaktig kor meteorittane gøymer seg på førehand, har det til no vore som å leite litt i blinde. Slike oppdrag kan fort verte høge utgifter og lite vinst.

– Desse oppdraga er logistikk-messig og økonomisk dyre, og vi trur vårt nyleg utvikla kart vil bidra til å auke suksessraten på framtidige oppdrag, seier postdoktor Harry Zekollari, som heldt overoppsyn med forskinga hjå TU Delft og Université libre de Bruxelles.

Meteorittane variererer i storleik, men dei fleste er nokre centimeter store, og kan såleis ikkje verte sette frå satelittar i verdsrommet.

Forskarane ventar at skattekartet er 80 prosent treffsikkert.

Les også: Forskarar vil byggja hus av blod på Mars