Denne krabaten har meldt at det blir vinter i seks veker til

Det blir seks nye veker med vinter, har jordsvinet Punxsutawney Phil spådd.

Kva er Groundhog Day?
  • Groundhog Day er 2. februar kvart år.
  • Tradisjonen stammar frå eit gammalt tysk eventyr. Det seier at det på denne tida er vanleg at eit jordsvin stikker hovudet opp frå hola si for første gong sidan nyttår.
  • Viss det er mogleg å sjå skuggen av jordsvinet, kjem vinteren til å halda fram i seks nye veker. Viss ikkje, kjem det til å bli ein tidleg vår.
  • Dagen blir feira over heile USA, men tradisjonen kjem frå Punxsatawney. Dette er også heimstaden til Punxsutawney Phil.

LES FAKTALUKK FAKTA

Onsdag førre veke krabba Punxsutawney Phil ut av hola si, for å gjennomføra dei årlege Groundhog Day-oppgåvene sine, skriv nyhendebyrået AP.

Tusenvis av spente menneske frå heile verda hadde samla seg i den amerikanske byen Punxsatawney, for å ta del i spådomen til jordsvinet. Då det vart klart at folkemengda hadde greidd å sjå skuggen til dyret, braut det ut full jubel for at vinteren kjem til å bli verande i seks veker til. 

Publikum vart faktisk så glad, at dei fleire gonger ropa «seks veker til».

Les også: Dette er årets artigaste dyrefoto

Groundhog Club-sjef A.J. Dereume viser fram jordsvinet Punxsutawney Phil til alle som har møtt fram. Foto: AP Photo/Barry Reeger

Stammar frå eit tysk eventyr

Punxsutawney Phil er eit jordsvin. Trur du han har rett i spådomen sin om seks veker til med vinter? Foto: AP Photo/Barry Reeger

Historia bak det årlege arrangementet stammar frå eit tysk eventyr, som handlar om eit loddent jordsvin. Og viss me ser litt tilbake i tid, så har Punxsutawney Phil spådd vinter meir enn hundre gongar sidan 1887.

Sjølv om Punxsutawney Phil kanskje er det mest kjende spåande jordsvinet, er han ikkje det einaste som gjer linknande oppgåver på Groundhog Day.

Ein av hans argaste konkurrentar, Staten Island Chuck i delstaten New York, var uenig med Phil. Han spådde nemleg ein tidleg vår.

Berre tida vil visa kven av dei som får rett.