Ny forskning: Vil sjekka om briller vernar mot korona

For å finna ut om brillebruk kan hjelpa for å unngå koronasmitte, inviterer Folkehelseinstituttet alle voksne i Noreg til å bli med på Koronabrille-studien.

Virus kan komma inn i kroppen gjennom augo våre. Derfor er det ikkje utenkeleg at briller og solbriller kan vera eit godt vern mot korona eller andre virus som går på luftvegane. Eit døme på dette er mellom anna influensa.

Men på den andre sida, kan det vera at briller ikkje hjelper i det heile.

Derfor går forskarar i Folkehelseinstituttet no ut og ber alle voksne i Noreg om hjelp. Dei vil sjekka om briller kan verna, eller ikkje verna mot det smittsame viruset, skriv dei på nettsidene sine. 

Deltakarane blir delt opp i to deler, der ein del må bruka briller, medan den andre delen ikkje bruker briller. Slik får forskarane data dei kan stola på. Illustrasjon: Folkehelseinstituttet

Håpar på over 20.000 personar

Vaksne folk som er over 18 år, og som vil vera med på å avdekkja om briller hjelper eller ei, blir oppfordra til å melda seg på studien via denne lenkja. 

Ein må synast at det er greit å bruka solbriller eller vanlege briller når ein er ute blant folk, og studien varar i 14 dagar.

Ifølgje NRK håpar den norske forskingsgruppa at fleire hundre tusen voksne i Noreg blir med. Viss dei får hjelp frå over 20.000 personar i samfunnet no som det er mykje smitte, vil dei sitja att med sikre data.