Kongen har testa negativt for korona

Hans Majestet Kongen har forkjølingssymptom og er sjukemeldt dei neste dagane, men er ikkje smitta av koronaviruset.

– Kongen har testa negativt for korona. Det er berre ei lett forkjøling, seier dronning Sonja til NRK.

I førre veke var utanriksminister Anniken Huitfeldt redd for at ho kanskje hadde smitta kongen. Ho var nemleg på besøkt hos kongen før ho testa positivt for koronaviruset torsdag.