Dette er den nye hunden til Joe Biden

Presidenten i USA har fått seg ny hund. Hels på schæfervalpen Commander!

Presidentparet i USA, Joe og Jill Biden, har fått seg ein ny hund. Hunden har fått namnet Commander, skriv VG.

På Twitter har Biden delt eit bilde av den no tre månader gamle valpen, i tillegg til ein video der dei kastar ball. Valpen var ei gåve frå broren og kona til Biden, fortel Michael LaRosa, som er talsperson for førstedama.

«Commander in chief»

Frå før har paret også schæferen Major. Han skal flytta ut av Det kvite hus og inn i rolegare omgivnader.

VG skriv at namnet til den vesle valpen er eit ordspel på at Biden er leiar for det amerikanske forsvaret. På engelsk heiter det «commander in chief».

Les også: Joe Biden blir ny president – no får USA ny førstehund

Ny firbeint lykke

Presidenten var i sorg då den forrige hunden deira, den 13 år gamle Champ, døydde i juni i år.

– Me elskar vår søte, gode gut, og vil sakna han for alltid, skreiv Biden-familien i ei pressemelding som då vart publisert på den offisielle Twitter-kontoen til presidenten.

Men som det ikkje var nok med ein ny firbeint ven, skal Biden-familien også få seg ein katt i januar.

Les også: Loke studerer for å bli politihund