Færre må på sjukehus med omikron-smitte

Sjølv om det er veldig mange som blir smitta av koronaviruset no, så må ikkje så mange av dei på sjukehus.

No blir fleire enn nokon gong tidlegare, smitta med koronaviruset i Noreg.

Den siste veka har det vore registrert opp mot 15.000 nye smitta kvar dag. Totalt er i overkant av 620.000 nordmenn no smitta med koronaviruset sidan det første smittetilfellet i starten av 2020.

Men sjølv om mange no testar positivt for viruset, er det få som bli såpass sjuke at dei må på sjukehus.

Mindre sjanse for sjukehus med omikron

Det er mest truleg fordi det er omikron-varianten dei aller fleste blir smitta av i Noreg no. Den er meir smittsam, men mindre farleg enn delta-varianten som var regjerande i Noreg tidlegare.

I ein ny studie frå Folkehelseinstituttet (FHI), kjem det fram at sjansen for å komma på sjukehus er 73 prosent mindre dersom ein blir smitta med omikronvarianten enn med deltavarianten.

Dessutan tyder også førebelse data om dei som må på sjukehus med omikron, på at dei må vera kortare på sjukehuset.

Meir kunnskap

– Funna gjer at me har fått meir kunnskap. Dei viser at det er mindre sjans for alvorleg sjuksom blant personar smitta med omikron enn med deltavarianten. Dette er i tråd med det me også ser i ei rekkje andre land, seier avdelingsdirektør i FHI, Line Vold, i ein pressemelding frå FHI.

Likevel skriv FHI at funna framleis må tolkast med noko varsemd. Dette er fordi dei til no er baserte på ein liten del av pasientar med omikron som har komme på sjukehus.