Emma vil visa at det er greit å vera annleis

Korleis er det å veksa opp på barneheim? Og korleis er det å vera fødd i feil kropp? Dette er spørsmål Emma Ellingsen (20) tek for seg i den nye programserien «Annerledes».

Fakta om «Annerledes»: 
  • Programserie på åtte program. 
  • Den er mogleg å sjå på TV 2 Play no, og vil sendast på TV 2 på eit seinare tidspunkt.
  • Emma møter Myra, Birgit Skarstein, Big Daddy Karsten, Adrian Sellevoll, Roya Sori, Carina Carlsen, Vegard Bjørsmo, Sivert Abrahamsen og Stina Eline Brandåstrø i løpet av episodane. Dette er offentlege menneske som alle har følt på det å vera annleis.
LES FAKTALUKK FAKTA
Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Eg trur det viktigaste å vita om det å vera annleis, er at det ikkje er feil. At ein må vera seg sjølv og leva livet sitt på den måten ein vil. I lengda er det det som vil gi deg mest.

Det seier Emma Ellingsen (20), som no er aktuell som programleiar i programserien «Annerledes» på TV 2.

Der møter ho offentlege nordmenn som viser at sjølv om ein er litt annleis, så kan ein leva livet på ein normal måte og koma seg gjennom ting. To av dei er artisten Myra og idrettsutøvar Birgit Skarstein. Myra var på barneheim og har hatt besøksfamiliar i oppveksten, medan Birgit Skarstein er lam og sit i rullestol.

Superinteressant historie: Ein av menneska Emma møter i serien, er artisten Myra. Den ferske programleiaren får vera med på eit rørande møte med bonusfamilien hennar, og Ellingsen skildrar historia hennar som superinteressant. Foto: TV 2

Dokumentaren som gav ho svar

– Alle har veldig interessante og forskjellige historiar, og eg har lært mykje nytt. Eg håpar at «Annerledes» vil føra til mindre fordommar mot dei som skil seg litt ut.

Emma er klar på at det å vera open er kjempeviktig for å bryta ned fordommar. Ho veit det funkar – for nettopp det har ho sjølv gjort. For då Emma var 9–10 år gammal, såg ho ein dokumentar om korleis det var å vera fødd i feil kropp. Dokumentaren gav ho mange svar på kvifor ho aldri heilt hadde følt seg som ein gut.

– Eg har alltid visst at eg ikkje var som dei andre gutane. Då eg fann ut av at eg faktisk var fødd i feil kropp, var det ei lette.

Skryt av Skarstein: – Altså, Birgit er så kul! Birgit er det mest positive mennesket eg nokon gong har møtt, seier Emma entusiastisk og fortsetter: – Alle eg har møtt har veldig interessante og forskjellige historiar, og eg har lært mykje nytt. Foto: TV 2

Vil at sjåarane skal læra noko

Dokumentaren Emma såg, gjorde at skjønte litt meir om sin egen situasjon.

– Derfor er det så bra å dela. Om det ikkje er fleire hundre tusen som kan relatera til det me tek opp, men berre ein, så kan me i alle fall hjelpa den eine, seier ho.

No håpar Emma at dei som ser serien vil sitja att med kjensla av å ha lært noko.

– Mange er nok redde for det som er annleis, og eg trur mange slit med tanken om korleis dei skal forholda seg til det. Men me er alle så like. Eg håpar derfor at serien kan vera med på å bidra til at me greier å sjå kvarandre for dei menneska me faktisk er – og ikkje for dei utfordringane me har.