Barn adoptert frå utlandet blir ofte behandla annleis

Halvparten av adopterte barn har opplevd å bli behandla annleis enn barn fødd i Noreg. Ofte skjer det på barne- og ungdomsskulen, men også blant venner og familie.

Adopterte barn kjem til Noreg frå mange ulike land i verda, til dømes Sør-Korea, Kina, Colombia og India. Her i Noreg har dei fått nye foreldre og familiar. Det er fordi deira eigne foreldre ikkje har hatt moglegheit for å ta seg av dei på grunn av fattigdom, sjukdom eller noko anna, skriv Ung.Forskning.no.

No viser ei ny undersøkjing at mange opplever å bli behandla annleis enn dei som er fødd i Noreg. Dette skjer både barn, ungdommar og vaksne. Dei opplever å bli behandla dårleg på grunn av utsjånaden eller bakgrunnen sin. Til dømes ved at folk snakkar stygt til dei eller behandlar dei dårleg på anna vis.

Familie og vener

Mange opplever å få stygge kommentarar frå ukjende folk, til dømes frå publikum som ser på ein fotballkamp eller frå nokon dei går forbi på gata. Men forskarane er overraska over kor mange som også har opplevd dette frå familie, slektningar og vener. Det gjeld éin av tre av dei som deltok i undersøkinga.

Det er berre personar over 16 år som er intervjua i undersøkinga. Det var aller flest barn som vart adoptert til Noreg frå 1970– talet og fram til 2010. Etter den tida er det mange færre som har vorte adoptert til Noreg. Det betyr at mange av dei som fortel om at det som skjedde dei som barn, er vaksne no.