Her er barna endeleg tilbake på skulen – etter to år med heimeskule

Korleis trur du at du hadde takla to år med heimeskule? Slik har det vore for barna i Uganga, men no er dei endeleg tilbake på skulebenken.

Mange land har stengt skulanen av og på, ut ifrå korleis smittetala har utvikla seg dei siste åra. Berre seks nasjonar – Bahamas, Belize, Brunei, Den dominikanske republikk, Filippinane og Uganda har framleis omfattande nedstengingar, ifølgje UNESCO.

Denne veka opna skulane att i Uganda, etter å ha vore stengt i nesten to år.

Det betyr at elevane i det austafrikanske landet har vore utsett for verdas lengste skulestenging grunna koronapandemien. Heile 10,4 millionar elevar og studentar har vore haldne vekke frå skulen.

Elevar på skuleområdet i friminuttet ved «Kitante Primary School» i Kampala, Uganda, måndag 10. januar 2022. Uganda sine skular opna opp att for elevar måndag, etter nesten to år med heimeskule. Foto: AP Photo / Hajarah Nalwadda

Ei alvorleg nedstenging

Både lærarar og andre i Uganda seier at nedstenginga har vore alvorleg. Dei meiner at den har tatt vekk fleire tiår med framgang i klasserommet. Meir enn halvparten av elevane har faktisk slutta på skulen etter at regjeringa stengde skulane i mars 2020, skriv New York Times. 

– I Uganda har heimeskule i praksis betydd mangel på skule og utdanning. Det har ført til at mange elevar har gifta seg, at mange unge jenter har vorte uønskt gravide og at svært unge menneske har måtta skaffa seg krevjande jobbar av ulike slag, seier Kristin Oudmayer i ein e-post til Framtida Junior.

Ho er direktør for Barns rettigheter og bærekraft i Unicef, og fortel mange har vore nøydd til å slutta på skulen for å overleva.

Direktør for born sine rettar og berekraft i UNICEF Noreg, Kristin Oudmayer. Foto: UNICEF

– Vil sikra at alle barn kjem tilbake på skulen

– Mange har vorte nøydd til å hjelpa familiane sine ved å ta seg jobb, eller fordi dei har vorte gifta bort og sjølv fått barn fordi deira eigne familiar ikkje har hatt råd til å ha dei heime, seier ho.

Oudmayer fortel Framtida Junior at det viktigaste no er å sikra at alle barn og unge får moglegheit til å koma tilbake til skulen, og at dei får den hjelpa dei treng for å ta vare på både den fysiske og psykiske helsa si. 

Korleis hadde det vore med to år på heimeskule?

Korleis hadde det vore med to år på heimeskule?

Det hadde vore greitt41
Det hadde eg ikkje likt29
Eg er usikker17
Svar totalt: 87

– Mange har gått glipp av masse læring og har heller ikkje fått utvikla seg vidare. Derfor blir det kjempeviktig at elevane får undervisning på det nivået dei er på no, og at dei får best mogleg undervisning som hjelper dei å ta att den tapte læringa, seier ho.

For at elevane no blir varetatt på best mogleg måte, må me følgja med.

– Me må følgja med på kven me ikkje klarer å få tilbake på skulen og finna ut kva som hindrar det. Slik kan me setja inn nødvendig hjelp, seier Oudmayer.