Dette er den rikaste mannen i historia

Du har kanskje høyrt om Jeff Bezos og Bill Gates – som er to av notidas aller rikaste menn. Men har du høyrt om Mansa Musa? Han var mykje rikare enn dei begge.

Mansa Musa er ein ukjend skikkelse for dei aller fleste i dag, og det finst mange historiske

Riket Mali spreidde seg over delar av dagens Mali, Senegal, Gambia, Guinea, Niger, Nigeria, Tsjad, Mauritania og Burkina Faso. Foto: @Mossmaps / Wikimedia Commons, CC BY-SA 4.0-lisens

personar som er meir kjend enn han. Men i forbindelse med ei utstilling om livet hans på museet Smithsonian i USA, er han no i søkelyset.

For kven var eigengleg Mansa Musa? Jo – han var herskaren over det afrikanske kongeriket Mali i tidsrommet 1312–1337.

Rik på gull, skjell og salt

Då han kom til makta i 1312 arva han eit rike som allereie var velståande. Men det var ingen stoppar – han gjorde nemleg riket enda meir velståande enn det tidlegare hadde vore. Innan kort tid var Mali det rikaste riket i heile Afrika, skriv National Geographic.

Dette gjorde han ved å selja dei naturlege ressursane som fanst i Vest-Afrika på den tida.

Døme på slike naturlege ressursar er mellom anna gull, salt, skjell, elfenbein og andre spennande luksusvarer.

Cowry-skjell frå store sjøsneglar, vart brukt som pengar i Vest-Afrika på Mansa Musa si tid. Foto: Colourbox

Ufatteleg stor rikdom

Dette førte til at Mansa Musa raskt vart ein svært holden mann. Han var så rik at historikarar har omtalt rikdomen hans som heilt ufatteleg stor, skriv IFL Science.

Men sjølv om han var ein viktig person i Mali, var han ein relativt ukjend person fram til han reiste på pilgrimsferd til Mekka i 1324. Arabiske forfattarar har skildra at han kom ridande inn til Egypt saman med fleire tusen menneske og kamelar. Kvar av desse kamelane bar på 136 kilo gull, som kongen sjølv gav vekk.

Utvikla viktige kultursentrum

For ettertida er han kjend for å ha utvikla byar som mellom anna Timbuktu og Gao til å bli viktige plassar for kultur. Her fekk han bistand frå arkitektar og designarar frå Midtausten og frå andre plassar i Afrika, som mellom anna kom tilreisande for å teikna dei nye bygningane.

Han stod bak bygginga av moskear og store offentlege bygg, noko som førte til at både omdømet og rikdomen til kongeriket Mali vaks. Det er sagt at historiane om den endeleause rikdomen hans faktisk til og med nådde Europa. Det var langt på den tida.

Kor tid etter at Mansa Musa døydde i 1337, fall imperiet Mali frå kvarandre.