Studie: Varmare hav kan føre til mindre fiskeartar og fiskemangel

Global oppvarming kan føre til mindre fiskeartar og dimed mangel på matfisk i verda, ifølgje ein ny studie.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at Éin av fem unge vil isbade i vinter og sjå korleis det ser ut 10.922 meter under havoverflata.


Klimaendringane gjer havet varmare, med mindre oksygen i seg. Ifølgje forskarar kan det føre til at fisken som bur i varmare hav kan bli mindre, fordi større fisk krev meir oksygen.

Ein konsekvens kan vere at det vert vanskelegare for fiskeindustrien, og større fiskemangel i verda, meiner forskarane.

Professor i marin bevaringsbiologi ved Dalhousie Universitet i Candada, Boris Worm, seier til miljønettstaden Mongabay:

– Funna støttar spådomen om at varmare vatn vil ha mindre fisk, som truleg er meir tilpassa framtidige vilkår, men mindre truleg kan mate verda.

Les også: Kjem du over desse fiskane, må du melda frå

Pressar ut matfisken

Gjennom Senter for hav og samfunn ved Christian-Albrecht University i Kiel, har ei rekke internasjonale forskarar brukt prøvar frå havbotnen i Humboltstraumen utanfor kysten til Peru til å sjå korleis det stod til frå 116.000-130.000 år sidan.

Det var nemleg den førre gong planeten var i ei varmetid mellom istider. Det var omlag to grader varmare enn det er i dag og det var mindre oksygen – omlag slik ein reknar at verda vil sjå ut i 2100.

GIF: https://giphy.com/

Forskingsarbeidet syner at i eit varmare hav vart mindre kutling-liknande fisk dominerande. Då kutlingen er ein invaderande art, kan den utkonkurrere lokale artar og pressa ut viktig matfisk som ansjos.

– Ut ifrå resultata våre, konkluderer vi med at menneskeskapte klimaendringar kan ha større påverknad enn vi tidlegare har trudd, seier Dr. Renato Salvatteci, som er hovudforfattar på studien, i ei pressemeldingResultata vart nyleg publiserte i Science.

Truleg mindre matfisk

Salvatteci og forskarteamet seier at tilhøva i havet og fiskesamfunna utanfor Peru-kysten nærmar seg slik det var i førre mellom-istid.

Det kan i så fall bety at tilgangen på matfisk står i fare for å gå ned. Dette kjem i tillegg til trugselen frå overfisking.

Humboldtstraumen står i dag for kring 15 prosent av fiske på verdsbasis, fordi det er så mykje av den peruanske ansjosen der. Arten vert kalla den mest utnytta fiskearten i verdshistorien, av IUCN (Verdas naturvernunion).