«Den asiatiske einhjørningen» er aldri oppdaga i det fri

Saolaen, som liknar på ein einhjørning, er eit av verdas mest sjeldne pattedyr. No tek forskarar i Asia opp jakta på det spennande dyret, slik at dei kan verna det.

Fakta om saolaen:
  • Arten vart oppdaga for første gang i fjellområda langs grensa til Laos i 1992.
  • Den liknar på ei geit, men er truleg i slekt med underfamilien oksedyr.
  • Pelsen er brun med ei smal, svart stripe på ryggen. Han har kvite felt i ansiktet.
  • Saolaen fått kallenamnet «den asiatiske einhjørningen» grunna dei lange horna, som er om lag 30–50 centimeter lange.
  • Truleg finst det berre nokre få hundre individ i skogområda ved grensa mellom Vietnam og Laos.

Kjelde: SNL

LES FAKTALUKK FAKTA

Ein skulle ikkje tru at eit dyr som veg mellom 80–100 kilo og har opp mot ein halv meters lange horn, skulle vera særleg vanskeleg å oppdaga. Men slik er historia om det mystiske dyret saola, som først vart oppdaga for 30 år sidan.

Sidan den gong har det gått svært lang tid mellom kvar gong det er blitt fanga på kamera, og dyret er aldri sett av ein forskar i det fri.

Det var The Guardian som omtala saka først.  

Første store oppdaging på meir enn 50 år

Då saolaen vart oppdaga i 1992, var forskarane frå seg av begeistring. Det var nemleg det første store pattedyret som vart oppdaga på meir enn 50 år.

Då forskarane estimerte talet på saolaer i 2001, rekna dei med at ein stad mellom 70 – 700 stykker levde i Laos og fleire hundre levde i Vietnam. No trur forskarane at talet på det mystiske dyret har gått kraftig ned, og dei trur at det er færre enn 100 stykker att.

Grunnen er krypskyting, som har gått veldig opp i Vietnam sidan midten av 90-talet.

Samlar inn pengar til nytt prosjekt

Derfor vil forskarar no forsøka å bevara det unnvikande dyret. Organisasjonen Saola Foundation samlar inn pengar for å starta opp eit nytt prosjekt der dei skal nytta hundar til å sniffa seg fram til bæsjen til saolaen. Dersom hundane gjer eit funn, skal ekspertar starta å leita etter dyret der bæsjen vart funnen.

– Me veit korleis me skal finna og redda dette praktfulle dyret, som har vore på jorda i kanskje 8 millionar år. Me treng berre at verda kjem saman og støtter opp om innsatsen. Det vil ikkje kosta mykje, og belønninga for både saolaen, for Annamite-fjella og for oss sjølve vil vera enorm, seier William Robichaud, som er sjefen i Saola Foundation, til The Guardian.

Viss forsøket lukkast, vil dei fanga saolaane bli plassert i eit avlssenter, og så førast tilbake til naturen i framtida.

Her kan du læra meir om Saolaen: