Vil laga ei klokke som kan fortelja om du bør vera heima frå skulen

Forskarar testar ut om teknologien kan hjelpa oss å oppdaga om me er sjuke før me kjenner det på kroppen.

Akkurat no, når virus spreier seg i Noreg, er det ekstra viktig at me ikkje går på skulen eller jobb om me føler oss sjuke. Men, det er ikkje alltid enkelt å vita om ein er sjuk, skriv Ung.Forskning.no.

GIF: Giphy

I framtida treng ikkje det å vera noko problem, meiner forskarar ved eit amerikansk universitet. Dei har undersøkt om dei kunne finna ut om testpersonane vart sjuke av virus før dei kjente teikn på sjukdom sjølv.

Forskarane sette på testpersonane ei smartklokke som måla mange ulike ting – for eksempel kor ofte hjarta deira slo og kva temperatur huda deira hadde.

Fann ut kva tid folk vart sjuke

Ei datamaskin samla alle desse dataa og gjekk gjennom dei. I dei aller fleste tilfella klarte ho å finna ut kven som vart sjuke mange timar før dei følte seg dårlege. Datamaskina klarte òg å skilja mellom dei som ville få ein mild sjukdom og dei som vart sjukare.

I dag finst det ingen moglegheiter for å finna ut om folk er sjuke før dei byrjar å føla seg sjuke. Det gjer at mange går rundt og spreier virus til andre fordi dei ikkje veit at dei er smitta.

Det er framleis mykje forsking som må gjerast før me kan kjøpe ei smartklokke som kan melda frå før me blir sjuke. Men forskarane trur ei slik klokke vil komma i sal, og at det kan hjelpa mange menneske.