Nominert til månadens spelar i Premier League i desember

Arsenal-spelar og nordmann Martin Ødegaard er ein av sju spelarar som er nominert til månadens spelar i Premier League.

Går han av med sigeren i kåringa, blir Ødegaard den første nordmannen som nokon sinne får den gjeve tittelen, skriv VG.

Ødegaard spelte seks kampar for Arsenal i desember. På dei seks kampane, scora han tre mål og hadde tre assist. Ein assist er ein målgjevande passning.

Les også: Martin Ødegaard blir Arsenal-spelar

Dette er dei andre nominerte: 

  • Gabriel Martinelli, Arsenal
  • João Cancelo, Manchester City
  • Raheem Sterling, Manchester City
  • Mason Mount, Chelsea
  • James Maddison, Leicester
  • Heung-Min Son, Tottenham