Martin Ødegaard blir Arsenal-spelar

Nordmannen reiser på utlån frå Real Madrid ut sesongen.

– I Noreg er Premier League veldig stort. For meg har det alltid vore ein draum å spela i den ligaen, og eg har alltid likt korleis Arsenal spelar. Det seier Martin Ødegaard i ei pressemelding frå Arsenal.

Nordmannen skal spela med draktnummer 11 på ryggen i Arsenal, skriv VG.

– På mange måtar er dette ein draum som blir verkelegheit, seier han.

Frå Strømsgodset til utlandet

Det var sommaren i 2015 at Martin Ødegaard reiste til utlandet for å spela fotball for første gong. Då var han 16 år gamal, og meldte overgang frå Strømsgodset til Real Madrid.

Der vart han verande i to år, før han i januar 2017 var på utlån hjå nederlandske Heerenveen. Han har også vore på utlån i klubbane Vitesse og Real Sociedad, før han returnerte til Real Madrid i 2020.