Verdas eldste person fekk Cola i bursdagsgåve

Japanske Kane Tanaka feira nyleg 119-årsdag.

Verdas eldste person heiter Kane Tanaka. På søndag hadde ho bursdag, og då vart ho 119 år gamal!

Ifølgje avisa The Japan Times er målet hennar å verte minst 120 år gamal.

Kane vart fødd i 1903 i Japan, og bur i dag på ein eldreheim i byen Fukuoka. Der likar ho mellom anna å utfordre seg sjølv ved å løyse tal-gåter.

Fekk Cola til bursdagen

Kane er veldig glad i brus og sjokolade. Til bursdagen fekk ho difor to Coca Cola-flasker der det stod «gratulerer med dagen» på etiketten, samt namnet og alderen hennar.

– Eg håpar ho held fram med å vere frisk og ha det moro kvar dag som ho vert eldre, fortalde barnebarnet hennar Eiji, ifølgje den japanske avisa.

Den eldste nordmannen noko sinne skal ha vore Maren Bolette Torp frå Oslo. Ho rekte å fylle 112 år og 61 dagar før ho døydde i 1989.