Meiningsinnlegg: Barn må få ha barndommen sin

Mange barn i verda får ikkje gå ut og leike med vennene sine på grunn av at dei må lære seg å lage mat og vaske klær. 

Barn må få ha barndommen sin, ikkje gifte seg når dei er veldig unge. Foreldra seier ja at dei skal gifte seg og då får barn ikkje bestemme kva dei sjølv vil.

Dei får aldri sjå foreldra igjen. Eg synest at dei skal slutte med det, men det er vanskeleg å stoppe det. Og me veit ikkje kva som kjem til å skje når dei er så unge og blir gifta bort. Det er kjempeskummelt. Ingen barn vil reise vekk frå foreldra sine. Ingen veit kva som kjem til å skje med dei barna som har blitt sendt bort. Alle barn i verda skal ha det bra, ingen barn skal ha det dårleg, det er derfor eg akkurat brenn for det.

Alle vaksne som tenker å gifta bort barna sine: – Ikkje gjer det!

La barn få sin barndom, la dei leve fritt, utan at dei gifter seg når dei er så unge.

Alle barn vil leike og ha det gøy og av og til vil dei lære ting, men ikkje hele tida vil dei lære noko.

Du må høyre på kva barnet ditt seier. Kanskje det er veldig viktig det barnet vil fortelje deg. Barn kan ha det vondt inni seg. Du må berre høyre kva barnet vil seie til deg.

Barn må få fridom. Vi må vise barn at her er det trygt. Og at dei ikkje skal vere redde. Vi må stå opp for dei barna. La dei føle seg trygge heime. At dei ikkje skal grue seg til å kome seg heim.

Håper at dette gjer ei endring for mange barn i verda. Eg håper at mange barn har det bra, men nokon har det ikkje så bra som me i Noreg har det. Folk må bli snillare med ungar og ikkje hate dei. Dei har ikkje gjort noko mot dokker.  Alle i heile verda har også vore barn.