Emma (13) går i brørne sine fotspor – satsar i utlandet

Etter stor etterspurnad frå fans i utlandet, er Emma Gunnarsen no aktuell med si første låt på engelsk.

GLER SEG TIL JUL: Emma Gunnarsen er frå Trofors og der bur ho saman med mamma, pappa, brørne Marcus og Martinus og hunden Tiko. Ho skal feira jul med dei og søstera og mannen hennar. – Våre juletradisjonar er å reisa til kyrkja og eta ribba og graut med mandel i. Og så må eg sjølvsagt sjå på Askepott, seier Emma. Foto: Universal Music/Petter Alnes-Bonesmo

– Eg har tenkt at det hadde vore veldig kult å ha konsertar i utlandet. Eg har veldig lyst til det. Kanskje i Tsjekkia og i Danmark, der Marcus og Martinus er blitt veldig kjent.

Det seier Emma Gunnarsen, eller «eMMa» som er artistnamnet hennar. No satsar Emma for fullt med si første låt på engelsk, «This & that».

– Det er mange som synest at det er kult at eg endeleg syng på engelsk. Eg gjer det fordi eg har veldig mange fans frå utlandet. No har dei kanskje lyst til å høyra meir på musikken min fordi dei forstår kva eg syng, seier ho.

Fans frå heile verda

Emma har dagleg kontakt med den utanlandske fansen sin i sosiale medium. Allereie som 13-åring har ho nemleg opparbeidd store plattformar på Instagram, YouTube og Tiktok, der ho til saman har om lag 700.000 følgjarar.

– Eg synest det er ganske kult at så mange vil følgja meg. Eg håpar at dei likar det eg legger ut, seier ho.

Noko av det kjekkaste med å vera artist, meiner Emma er å møta alle desse menneska som heiar på ho og musikken hennar. Derfor håpar ho at dette er noko ho skal driva med lenge.

DANSAR: Ved sidan av artistkarrieren, brukar Emma tida si på å dansa og vera med venner. – Eg har fem og ein halv time dans i veka og dansar mellom anna ballett, showdans og improvisasjon, seier ho. Foto: Universal Music/Petter Alnes-Bonesmo

Brørne gir gode råd

– Eg har veldig lyst til å bli enda større, men musikken er allereie ein stor del av livet mitt no.

Noko av grunnen til akkurat det, er kanskje at ho har to brør som har vore gjennom det same før ho.

– Det er godt å ha dei der, for dei veit alt som skal skje. Dei er der alltid viss eg har konsert, og kjem med masse gode tips, seier Emma.

Det aller beste tipset ho har fått frå brørne, er å ha det gøy.

– Dei seier alltid at det er viktig å kosa seg, smila til publikum og vera sjølvsikker. Det høyrer eg på.