Japanske snøaper har lært seg å fiska

Forskarar har funne ut at dei japanske snøapene har lært seg å fiska for å skaffa seg mat.

Som oftast et den japanske snøapa kongler, frukt og andre plantar, bark, insekt, skjel og sneglar som dei finn i vatn. Når vinteren kjem og snøen dekker landskapet dei bur i, blir det vanskeleg å finna mat, skriv Ung.Forskning.no.

Foto: Yosemite / CC BY-SA 3.0 / Wikimedia Commons

Forskarane frå the University of Birmingham har funne ut av kva apa et ved å studera bæsjen og spora DNA-et som finst der. DNA er ein slags kode eller oppskrift som finst i alle plantar og dyr.

Undersøker bæsjen til apa

Når forskarar finn DNA, er det derfor lett å sjå kva dyr eller plantar det kjem frå. Sånn kan forskarane sjå kva snøapene har ete.

Fisken som apa et, sym som regel inn i bekkar eller grunne basseng der det er lite vatn. Slik er det lett for snøapene å fanga dei med berre hendene. Andre gonger et dei fisk som allereie er død.