Gutar er oftare hovudpersonen i bøker

Amerikanske forskarar har undersøkt om det er flest jenter eller gutar som er hovudpersonar i bøker for barn.

Forskarar har sett på 3280 bøker skrivne for barn og unge mellom 0 og 16 år, skriv Ung.Forskning.no.

Bøkene vart gitt ut i USA mellom år 1960 og 2020. Forskarane fann at 7 av 10 hovudpersonar var gutar på 1960-talet. I bøkene frå det siste tiåret var det nesten like mange jenter som gutar. Men, det er framleis litt fleire bøker som har gutar som hovudpersonar.

Det er viktig at barn og unge kan lesa lika ofta om jenter som om gutar.

Elles kan me jo få inntrykk at av eit av kjønna er mindre viktig i samfunnet enn det andre, skriv forskarane.

Ikkje alle er gut eller jente

I studien undersøkte forskarane berre bøker der hovudpersonen var jente eller gut. Men nokon burde òg studera bøker som handlar om ein ikkje-binær hovudperson, skriv forskarane.

Ikkje-binær betyr at du opplever at du verken er jente eller gut. Transperson betyr at du opplever at du er eit anna kjønn ein det du vart fødd til. Dei siste åra har det komme fleire bøker med ikkje-binære og transpersonar.