Forbyr innbyggjarane å le

Nord-Korea forbyr latter i 11 dagar for å markera at det er ti år sidan Kim Jong-il døydde. Han styrte Nord-Korea frå 1994 – 2011.

17. desember var det 10 år sidan den forrige presidenten i Nord-Korea døydde. Han heitte Kim Jong-il.

I den samanheng har Kim Jong-un, som er noverande president, bestemt at folket i Nord-Korea ikkje får lov å uttrykkja glede på ti dagar, skriv The Guardian i ei sak. 

Strenge reglar

I dette liggjer det mellom anna at det ikkje er lov å le, og det er også innført skjenkestopp i landet i tidagars-perioden.

På sjølve dagen for jubileet, var det heller ikkje lov å gå på butikken for å kjøpa matvarer.