90.000 barn har ein forelder som drikk for mykje alkohol

I kvar einaste skuleklasse finst det barn som opplever foreldre som drikk for mykje alkohol i jula. Har du det slik? Det er mange som står klar til å hjelpa deg som opplever dette.

– Meir enn 90.000 barn har ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje alkohol. Men det er nok endå fleire som opplever at foreldra drikk for mykje i jula enn elles i året, fortel Katrine Gaustad Pettersen, fungerande generalsekretær i Av-og-til.

– Når me har spurt barn og unge om det, svarte kvart fjerde barn at foreldra deira drikk meir alkohol når dei er saman i jula enn det dei gjer til vanleg. Det betyr at det finst barn i kvar einaste klasse som opplever dette, seier ho.

Foto: Av-og-til

Men kva er «for mykje alkohol?

– Det er for mykje når barn synest det blir ekkelt. Vaksne forandrar seg når dei drikk alkohol, og barn merkar forskjellen mykje raskare enn det dei vaksne trur. Mange barn synest det er skummelt når mamma og pappa blir annleis. Når me spør barn, svarer dei aller fleste at dei vil at vaksne skal drikka null, eitt eller maks to glas når dei er saman. Det er ein viktig beskjed til dei vaksne, seier Katrine.

Snakk med nokon

Viss du synest at mamma eller pappa drikk for mykje, bør du ikkje gå med det åleine.

– Det er ikkje di skuld, og det er ikkje ansvaret ditt. Viss du går med ein klump i magen fordi du gruer deg, hjelper det veldig ofte å fortelja nokon om korleis du har det. Du er ikkje åleina om å ha det sånn, og det er mange som vil hjelpa deg, fortel ho.

Du kan snakka med læraren din, ein i familien din, eller mammaen eller pappaen til ein venn. Om du heller vil ringa eller chatta med nokon, er barsnakk.no ope kvar dag i jula, og du kan når som helst ringa eller chatta med Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111.

Katrine sine råd til deg som har ein forelder som drikk for mykje:

1. Hugs at det aldri er di skuld. Dette må du aldri gløyma. Det er aldri di skuld om du har ein forelder som drikk for mykje, og det er ikkje noko du har gjort eller sagt som er grunnen til det.

2. Snakk med ein vaksen. Det er ikkje ansvaret ditt å seia ifrå til den vaksne som drikk, men det kan hjelpa å få snakka med ein annan voksen. Mange føler seg betre om dei får fortalt om korleis dei har det og kva som skjer heime. Kanskje kan ein lærar, foreldre til ein god venn eller ein annan snill voksen vera gode å snakka med.

3. Du er ikkje åleina. Dessverre er det mange fleire enn ein skulle tru som opplever at foreldra drikk for mykje. Det er mange som har gjennomlevd det same som deg, og som kan hjelpa deg med gode råd og som kan vera gode å snakka med når det er som verst.

4. I organisasjonen BAR (Barn av rusmisbrukere) jobbar mange som har opplevd det same i oppveksten som du har. Dei kan du mellom anna snakka med gjennom chatten på nettsida www.barsnakk.no.

5. I tillegg er det mogleg å ringa Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111, ein døgnåpen telefon som fungerer som eit naudnummer for barn og unge. Kors på halsen er Røde Kors samtaletilbodet sitt for barn og unge, og dei kan svara på e-post eller chat på www.korspahalsen.no.