Krig i verda: Vi må hjelpe til meir i Afghanistan

Innlegget til Sondre Støldal Buene (9 år) vann 2. plassen i skrivekonkurransen til Framtida Junior i haust.

Tenk på alle dei som ikkje kjem seg heim.

Tenk på alle som må flykte.

Tenk på alle som har mista ein av dei nærmaste, eller ein arm eller ein  fot.

Tenk på alle som er redde for å døy eller bli skutt når dei berre skal spele fotball eller skal på butikken.

Tenk på alle som bur i Afghanistan som har ein svært utrygg kvardag.

Vi må hjelpe dei og Taliban er kanskje ikkje so gale no, men tenk om dei berre seie det fordi då får dei full makt i Afghanistan fordi vi har tatt vekk soldatane våre.

Tenk på alle som er so redde at dei ikkje kan gå på butikken, dei kan svelte i hel. Dette er ikkje haldbart at folk skal ha det slik, dette er stor urettferdigheit. Tenk å ikkje få gå ut å spele fotball med vennene sine. Alle barn må ha rett til ein trygg og god kvardag.

Har du lyst til å skriva ditt eige meiningsinnlegg eller lesarbrev? Send det til oss på junior@framtida.no!