«Katten og kråka» – ein heilt ny teikneserie!

Det har komme ut ein heilt ny teikneserie på nynorsk, «Katten og kråka», og me har tatt ein prat med folka bak boka.

Arild Torvund Olsen og Trine Lise Normann har komme ut med deira fyrste teikneseriebok. Arild har skrive boka, og Trine Lise har illustrert ho. I boka møter me ein katt og ei kråke som prøver å stoppe ein eldsprutande drake, for å redda menneska.

Draum lenge

Arild har lenge hatt ein draum om å laga ein serie som gir lesarane dei same spennande, magiske og artige opplevingane som han sjølv har fått frå teikneseriar. Arild har tidlegare skrive små teikneseriar og tekstar.

– Kjensla av å halda si eiga teikneseriebok i handa for fyrste gong er noko heilt eige, seier han.

– Utruleg givande

Tidlegare har Trine Lise teikna små historiar til Überpress sine teikneserieantologiar. Ho har alltid likt å teikna, men ikkje før ho fekk sitt fyste teiknebrett som 20-åring byrja ho å ta det meir seriøst.

Trine Lise Normann har illustrert historia om Katten og kråka. Foto: Privat

Arild teiknar litt sjølv, men synest det har vore fint å hatt nokon andre til å gjera det. Boka er laga i lag med Are Edvarsen som har laga skissemanuset. Han er veldig fornøgd med innsatsen deira.

– Skissemanuset til Are og teikningane til Trine Lise gjorde at boka vart mykje finare enn det eg greidde å sjå føre meg i fantasien då eg byrja å skriva boka.

Dei byrja på boka i 2019.

– Å teikna ei heil bok er ikkje det enklaste eg har gjort, men utruleg givande når man får det til, fortel Trine Lise.

Kvifor ein katt og ei kråke?

Arild hadde lyst å skriva om to dyr, som oppdaga eit problem dei ikkje greidde å formidla til menneskja, og difor måtte løysa det sjølv.

– Kattar er favorittdyra mine, så eg visste at det eine dyret måtte vera ein katt. Grunnen til at det andre dyret vart ei kråke, var at kråker er intelligente dyr som kan å ta i bruk verktøy, og slikt er jo nyttig i kampen mot ein drake. Katten er sur og gretten og dessutan litt lat. Kråka er lur og får med seg mykje, men det kan henda han er litt feig.

– Ingen av dei er typiske heltar i utgangspunktet, men dei vert kasta inn i helterolla då dei skjønar at det ikkje er nokon andre enn dei som kan redda menneska frå draken, seier han.

Arild Torvund Olsen er forfattaren av historia om Katten og kråka. Foto: Privat

Favorittar

Arild les mange ulike teikneseriar, men Asterix må vere favoritten. Han likar teikneseriar der det eventyrlege og humoristiske er med, noko som blir inkludert i boka «Katten og Kråka».

– Dessutan er musa i Katten og kråka er litt inspirert av hunden Idefix frå Asterix.

Arild sine tips for å skriva teikneseriar:

  • Prøv å skriva mange korte forteljingar før du set i gang med lange historier.
  • Tenk visuelt, ikkje alt treng å seiast med ord.
  • Historia vert ofte meir truverdig dersom du som forfattar veit meir om det du skriv om, enn det du fortel til lesarane, så bruk gjerne tid på å dikta opp utfyllande bakgrunnshistorier.