Ny SUPER!!-satsing på barneskulen: – Me har lært korleis me skal vera ein god venn

Levi Erik Aldner (7) og Kristi Hetland (6) er med på eit spennande prosjekt, der målet er å styrka klassemiljøet på barneskulen.

Mobbing på skulen

Nesten seks prosent av alle elevar blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare, kjem det fram i Elevundersøkinga frå 2020.

4,5 prosent av dei som blir mobba, blir mobba av andre elevar på skulen. 2,2 prosent blir mobba digitalt. 1,2 prosent blir mobba av vaksne på skulen.

Færre fortel at dei blir mobba av vaksne. Talet på elevar som blir mobba digitalt aukar.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Me har laga superfigurar av oss sjølv, som me har hengt opp på ei tavla på skulen, seier Kristi.

Ho og Levi Erik er elevar ved Sand Skule. Kristi går i 1. trinn medan Levi Erik går i 2. trinn.

Skulen deira er ein av ti forsøkskanin-skular som er med på eit heilt nytt opplegg i regi av MOT, som heiter SUPER!!.

Med utgangspunkt i regnbogen sine sju fargar, jobbar elevane med oppgåver som mellom anna er knytte til kjensler, empati og det å vera gode klassevenner. Målet ved å innføra opplegget, er at alle skal bli inkludert og å vera i forkant av eventuelle problem.

TEK VARE PÅ KVARANDRE: Med SUPER!! har Levi Erik og Kristi lært mykje om korleis dei kan ta vare på klassekameratane sine, dersom dei ikkje har det bra. – Me har lært at me seier ja om nokon vil vera med å leika. Viss me ikkje greier å ordna opp i ting sjølv, så må me sei frå til ein vaksen, seier dei.

– Alle har ein indre superhelt

– Veldig mange rektorar og lærarar sagt ifrå om at problem som før oppstod på ungdomsskulen, no også skjer i barneskulen. Me vil jobba i forkant og derfor ville me  samarbeida med 1. klassingar, seier Bjørg-Elin Moen i MOT og legg til:

– Opplegget har fått namnet SUPER!!, fordi me jobbar med å bli ein SUPERklasse og fordi alle har ein indre superhelt. Superheltar er snille, dei vil noko godt med verda, dei har møtt motgang, kan oppleva å bli misforstått og har ikkje alltid kontroll over kreftene sine.

Ho fortel at fleire av barna som startar på skulen no, opplever problem med det sosiale. Derfor er fokuset i opplegget delt i to.

– I tillegg å sjå seg sjølv i spegelen og tenkja at «eg er verdifull» – må me også vera snill med andre. Me vil hjelpa til slik at barna blir tryggare sosialt, seier ho.

MODIGE: Noko av det Levi Erik og Kristi har lært mykje om, er kva det vil seia å vera modig. – Å vera modig er å vera redd for noko, men å gjera det likevel, seier Levi Erik før Kristi legger til: – Me er modige viss me kan hjelpa og trøsta nokon andre.

Eit opplegg alle elevane har nytte av

Kristi og Levi Erik fortel at dei allereie har lært masse ved å ha dette opplegget i klassen – og dei er sjølv blitt enige om kva dei vil skal kjenneteikna sin SUPERklasse.

– Viss nokon spør om dei vil vera med å leika, må me seia ja. Viss nokon dyttar nokon, må me seia unnskyld, seier Kristi.

– Me lært om korleis du kan vera ein god venn, seier Levi Erik.

Lærar Tone Mari Sand fortel at dette er eit opplegg dei kjem til å halda fram med på skulen.

– Dette er eit opplegg absolutt alle elevane har nytte av, seier ho.