Eit vakkert postkort frå den raude planeten

NASA sin Curiosity-rover var nyleg i ekstremt flotte omgivnader på ein av oppdagingsferdane sine på Mars.

Roveren Curiosity tek 360-grader-bilder av omgivnadane sine med eit navigasjonskamera kvar gong han er ute på køyretur på den raude planeten.

For at bilda ikkje skal vera for store å senda tilbake til jorda, er det som regel veldig låg kvalitet på dei. Men denne gongen var scenen rett og slett for fin, og forskarane valde å skru opp kvaliteten, skriv NASA.

Slik det ville sett ut for menneske på Mars

Sidan bilda roveren sender heim til Jorda er svart-kvite, har forskarane også lagt til farge på bildet, slik at resultatet vart slik som det ville sett ut med auga til menneske.

Det angrar dei nok ikkje på, for var ikkje dette bildet fint?

Les også: NASA skal skyta ned asteriode

Les også: Kan me reisa til Mars utan å bli alvorleg skadd av stråling?