Kan me reisa til Mars utan å bli alvorleg skadd av stråling?

I verdsrommet blir du bombardert av farleg stråling. Er det mogleg for menneske å reisa til Mars utan å få alvorlege skadar?

Det spørsmålet stilte nyleg eit team av forskarar frå Russland, Kina, Tyskland og USA.

Forskaren Mikhail Dobynde og samarbeidspartnarane hans gjorde testar og utrekningar, for å finna ut meir. Svaret dei kom fram til er: Ja, det er mogleg, skriv Ung.Forskning.no.

Men berre viss astronautane reiser på rett tidspunkt, romskipet har rett skjold og turen ikkje varer for lenge.

Farleg stråling

Eit av dei største problema på romreiser, er altså stråling.

Stjernene og galaksane i verdsrommet og sola sender ut ørsmå usynlege partiklar, som fyk gjennom solsystemet. Viss mange slike partiklar treff deg, kan cellene dine bli skadd.

Her nede på jorda er me godt verna mot partikkel-strålinga. Både magnetfeltet til jorda og atmosfæren vår stoppar mange av partiklane.

Men ute i verdsrommet er det verre. Astronautar som skal reisa lenge og langt frå jorda, kan bli treft av så mykje stråling at dei blir skadd.