NASA skal skyta ned asteriode

Det høyrest kanskje ut som ein actionfilm, men for aller første gong skal NASA skyta ned ein asteriode ved hjelp av eit romfartøy.

Oppdraget har fått namnet «The Double Asteroid Redirection Test / Dart», og målet er at den skal sikra Jorda mot ein kvar framtidig trussel frå store asteriodar, skriv BBC Newsroom.

Det heile startar i dag, då ein Falcon 9-rakett som har Dart om bord, skal skytast opp i rommet frå romsenteret Vandenberg i California. Deretter set det fart mot ein asteriode som heiter Dimorphos.

Planen er deretter at Dart skal krasja inn i Dimorphos, som er på storleik med ei fotballbane – slik at den endrar reiseretninga si.

Berre eit eksperiment

Men i motsetnad til på film, er det heldigvis ikkje slik at verda går under dersom oppdraget mislukkast.

Dette er berre eit eksperiment, slik at menneska kan læra meir om kva me må gjera dersom det kjem ein ordentleg asteriode mot Jorda.