Tiger Woods legger opp som proff

Ei alvorleg bilulukke vart avgjerande for at Tiger Woods no har valgt å legga opp som proff golfspelar.

I februar i år var den kjende golfspelaren Tiger Woods i ei alvorleg bilulukke der han pådrog seg fleire brot.

I eit intervju med Golf Digest går han no ut og avviser at han nokon gong kjem tilbake som profesjonell golfspelar.

– Eg treng ikkje å konkurrera og spela mot dei beste spelarane i verda for å ha eit flott liv. Eg kan framleis driva med golf, og viss beinet mitt blir ok, så kan eg framleis bli med på ein turnering her og der, sier han til Golf Digest.

Ein av dei beste gjennom tidene

Tiger Woods er ein amerikansk tidlegare profesjonell golfspelar. Han låg som nummer éin på verdsrankinga i golf frå 15. august 1999 til 29. august 2004, noko som vil seia heile 264 veker i strekk!

Woods blir sett på som ein av dei beste golfspelarane gjennom tidene, og han har vunne 15 major-turneringar.

Les også: Herman (12) har kasta frisbee heile livet: – Målet er å bli verdas beste