Herman (12) har kasta frisbee heile livet: – Målet er å bli verdas beste

Herman Bentzen Hinkel starta med å kasta frisbee allereie då han var eitt-to år gamal. No har han planen klar for korleis kan kan bli så god som mogleg i frisbeegolf.

– Eg trenar mykje, og så reiser eg rundt i Noreg for å spela store turneringar. Planen min framover er å prøva å bli betre for kvar dag som går. Eg var nettopp på leirskule, og då var eg ei veka utan frisbeegolf. Det var ikkje gøy, seier Herman Bentzen Hinkel (12).

Framtida Junior møter Herman og pappa Mats på Ekeberg i Oslo. Dei flate fotballbanene er perfekt øvingsarena for frisbeegolf. Dersom du lurer på kva sporten går ut på, kan Herman forklara:

– Det er ein sport som har mykje golf i seg. Målet i begge sportar er å prøva å treffa eit hol eller ei korg på færrast mogleg kast. I frisbeegolf treffer me ei korg i staden for eit hol og brukar armen i staden for ei kølle, seier han. 

Ung sport: Frisbeegolf er ein ung sport i Noreg.– Her i Noreg har folk drive med forsibeegolf i maks 30–40 år. Banen på Ekeberg er frå 1984, og det er den eldste banen me har i Noreg, seier Herman.

Ein sport som passar for alle

Herman fortel også at det er ein sport der du ikkje treng mykje utstyr. Folk i alle aldrar kan ha glede av å driva med den.

– Du treng to-tre diskar. Og så er det veldig viktig med gode sko, fordi det blir mykje gåing.

Gåinga kjem av at sporten blir spelt på store baner, der det er 9 eller 18 hol som deltakarane skal treffa. Det er om lag 300 slike baner i Noreg – eit tal som har auka veldig dei siste åra. Herman seier at han trur korona-pandemien er mykje av grunnen til det.

– Det har vore ein av dei få sportane som har vorte mogleg å spela, sidan det går fint å halda avstand og vera ute.

Over 100 meter: – Når du føst klarer å få ein disk til å flyga så langt eg greier no, er det veldig fascinerande, seier Herman og legger til at han greier å kasta ein stad mellom 110–120 meter.

Viktig å terpa på teknikken

12-åringen frå Oslo har allereie bestemt seg for at han skal bli skikkeleg god i frisbeegolf. For å få til det, er det viktig å terpa på teknikken. Herman fortel at frisbeegolf er ein sport der alle spelarane har ulik teknikk. Nettopp det er mykje av grunnen til at han synest det er ein spennande sport.

– Eg brukar mykje tid på å utforska min egen teknikk. Eg har blitt mykje betre på å sjå på andre som spelar frisbeegolf på YouTube, seier han og legger til: 

– Målet er å bli verdas beste. Det kan jo henda at når eg blir over 18 år, så er frisbeegolf blitt ei OL-gren. Kven veit – då blir kanskje målet mitt OL-gull også.

Ung sport: Frisbeegolf er ein ung sport i Noreg.– Her i Noreg har folk drive med forsibeegolf i maks 30–40 år. Banen på Ekeberg er frå 1984, og det er den eldste banen me har i Noreg, seier Herman.