Kan sola plutseleg slokna?

Forskarar har rekna ut omtrent når sola vil slokna. Men slapp av – det er mange milliardar år til.

Du visste sikkert at sola er ei stjerne. Akkurat som dei andre stjernene vi ser på himmelen. Sola er inga spesielt stor stjerne, men fordi ho er mykje nærare enn alle dei andre, ser den mykje større ut. Ei stjerne sloknar aldri plutseleg, men ei stjerne har levetida si.

Kor lenge kjem mellom anna an på kor stor ho er, skriv Ung.Forskning.no.

Ikke ein gong midt i livet

Forskarar trur sola er litt under fem milliardar år gammal. Det har dei funne ut ved å studera steinar som truleg er lika gamle som solsystemet vårt.

Det høyrest ganske gammalt ut. Men heldigvis er ho ikkje eingong midt i livet, trur forskarane. Antakeleg vil sola skinna i fem milliardar år til.

Alle stjerner sloknar

Merkur og Venus er planetane nærast sola. Forskarar meiner dei vil bli slukte når sola døyr, fordi ho vil utvida seg.

Alle stjerner sloknar ein gang. Store stjerner eksploderer. Mindre stjerner som sola gjer ikkje det. Faktisk vil sola først krympa, overflata vil bli endå varmare – og så vil ho byrja å utvida seg. Ho vil bli større enn nokon gong. Ei såkalla raud kjempe.

Heldigvis har me rundt fem milliardar år til å finna ein annan planet å bu på!

Det var Gizmodo som fyrst omtala saka.