Tvinga Spotify til å endra funksjon

Etter at ho sleppte sitt nyaste album, har Adele fått Spotify til å gjera store endringar på tjenesta si.

19. november kom Adele ut med sitt nyaste album, som har fått namnet «30».

På Spotify har det før vore mogleg å bryta rekkefølgja på songar på eit album, men dette ville ikkje Adele ha noko av.

Ho gjekk derfor ut og kritiserte Spotify, som i etterkant av kritikken har høyrt på ho og gjort endringar.

Spotify gjorde endringar

– Me lagar ikkje album med så mykje arbeid i sporlista utan grunn. Kunsten vår fortel ei historie, og historiene våre burde bli lytta til slik me tenkte. Takk til Spotify som lytta på meg, skriv ho på Twitter som takk for å bli høyrt på. 

No kan albumet hennar berre lyttast på i den sette rekkjefølga, for å ta vare på historia, skriv TMZ.