Har skrive barnebok om helt i rullestol

Då Svein Jarle Åbrekk skulle skriva barnebok valte han å laga ein karakter som sit i rullestol. – Det gjorde eg for å visa at det finst heltar både med og utan handikap, fortel forfattaren.

«Granittgutta og dronemysteriet» handlar om to gutar som er veldig interessert i data og gaming.

– Frank og Kristoffer har vore kompisar sidan barnehagen og bur i same gate – i Granittvegen. Dei blir kalla granittgutane fordi det er namnet dei brukar i gamingverda. Ein kveld dukkar det opp ei drone utanføre vindauga til han eine. Dei prøver å finna ut kva drona gjer og kor den kjem frå – og medan dei undersøker saka skjer det eit innbrot i nabohuset. Gutane hamnar midt i dramatikken og vil hjelpa politiet med å oppklara saka, fortel han.

Forfattaren har skrive om to gutar mange barn kan identifisera seg med. 

– Det at han eine sit i rullestol handlar om at eg vil få fram at det ikkje er eit minus om ein gjer det. Ein kan uansett sjå lyst på livet og få til masse. Det er viktig at alle ungar ser heltar som har handikap i barnelitteraturen, seier han.

SKREIV SJØLV: Svein Jarle Åbrekk jobbar som lærar og var frustrert over at han ikkje fann gode bokseriar for barn på nynorsk. Foto: Privat

Svein Jarle kjenner ikkje til andre bokkarakterar som sit i rullestol. 

– Han som sit i rullestol er den mest positive av gutane. Han er eit godt førebilete, seier han. 

Manglar barnebøker på nynorsk

Svein Jarle jobbar som lærar og var frustrert over at han ikkje fann gode bokseriar for barn på nynorsk. 

– Eg kjem frå Ivar Aasen-land og er oppvaksen med nynorsk. Mange slit med å finna nynorskbøker, og eg veit at ein del barn ofte opplever at det er vanskeleg å forstå språket. Mange forfattarar brukar ord som barn og unge ikkje kjenner att. Derfor ville eg prøva å skriva ei bok som er såpass enkel nynorsk at alle kan forstå det som står, seier han. 

Denne boka er for alle – både gutar og jenter. Men Svein Jarle har tenkt spesielt på å laga ei kul bok for barn som strevar med lesing. 

– Eg har skrive om dronar, gaming og gutar fordi eg er interessert i dataspel sjølv. Det er også mykje snakk om det på skulen eg er lærar på. Det må vera eit spennande tema viss me skal forventa at barn og unge skal lesa boka, seier han.

GAMING: «Granittgutta og dronemysteriet» handlar om to gutar som er veldig interessert i data og gaming. Foto: Privat

Action og humor

Forfattaren likar best humor og action – ikkje uvennskap og intrigar. 

– Eg er mest oppteken av å få fram kva ein kan få til når ein samarbeider og løyser problem i lag. Om ein sit i rullestol eller ikkje, seier han.

No har han byrja å skrive på bok nummer to. Målet er at det skal bli ein serie med bøker om Granittgutta. Den første boka er valt ut til å vera ei av ti bøker i Tid for ti.

– Å få vera med på det tek eg som eit signal om at det eg har skrive er bra. Eg håpar at du som les boka får ei god oppleving – og at du synest den er både spennande og morosam.

 

Kva synest du om boka?

Tord Folkvod Varhaug (9)

Kva synest du om boka?

– Det er ei gild bok. Eg likte best då dei prøvde å finna ut kva som laga lyd i vindauga.

 

Madeleine Bratland (12)

Kva synest du om boka?

– Boka var veldig god, det var humor og litt spenning med mysteriet. Eg synest det er kult at han inkluderar nokon med eit handikap i boka og at personane er unike. Eg likte også godt ordspela han brukte i boka. Spenninga med innbrotet likte eg best. 

 

Kristian Hobberstad Olsen (11)

Kva synest du om boka? 

Den var veldig god og spennande.