Fryktar for dyra etter flaum

Det er erklært unntakstilstand i provinsen Bristish Columbia i Canada. Grunnen er eit forferdeleg vêr som har ført til flaum og fleire skred.

Som følgje av store vassmengder, har fleire tusen gårdsdyr døydd og mange fleire er fanga på ein plass det er vanskeleg å flytta dei frå, skriv The Guardian.

Nokre bondar har tatt i bruk vasskooterar for å forflytta storfe ut frå den verste flaumen – og no jobbar regjeringa med å få inn veterinærar og mat som kan hjelpa.

– Øydelagt heile samfunn

Kraftig regn og eit heftige vêr, har gjort at dei delstatane i Canada har gått heilt i stå dei siste dagane.

NRK melder at tusenvis av menneske har blitt tvinga til å evakuera frå heimane sine, og at vêret har vore vanskeleg å forhalda seg til for innbyggjarane i heile provinsen. Også fleire skular har vore stengt i perioden.

– Styrtregn, sterk vind og flaum har øydelagt heile samfunn i provinsen vår, sa John Horgan på ei lokal pressekonferanse. Han er leiar for provinsmyndane i British Columbia.