I morgon blir det delvis måneformørking

Tidleg fredag morgon kjem det til å bli ein delvis måneformørking, der nesten heile måneskiva blir formørka. Til lenger nord du bur – til meir kan du få med deg!

I morgon kan du vera heldig og få oppleva måneformørking! Ifølgje himmelkalenderen vil nesten heile månen vera formørka på det meste – og det vil berre vera ein liten del av den som ikkje kjem inn i skuggen til Jorda.

Vil du få med deg det uvanlege fenomenet, må du tidleg opp. Til lenger nord du bur – til betre sjanse har du til å få med deg heile forløpet.

Formørkinga vil vara frå kl. 07.00 – 13.06. 

Dei som bur på Svalbard kan sjå heile hendinga, sidan månen der er over horisonten heile døgnet. I motsetnad til på Svalbard, går månen ned kl. 08.24 i Oslo, kl. 08.55 i Trondheim og kl. 10.06 i Tromsø.

Kva er ein måneformørking?

Når det er solformørking, betyr det at deler av jorda bokstavleg talt går i svart. Når det derimot er måneformørking, er det er månen som er i fokus. Viss ein er verkeleg heldig, kan månen faktisk bli blodraud når formørkinga skjer, skriv Illustrert Vitenskap.

Det som faktisk skjer når det er måneformørking, er at fullmånen bevegar seg bak jorda og inn i skuggen av den.

Sidan banen til månen heller om lag fem grader, er det heilt spesielle tilhøve som må til for at det skal bli ein formørking. Det må vera mellom anna fullmåne, og sola, jorda og månen må liggja på ei nøyaktig linje. 

Når skjer det att? 

Akkurat som med solformørking, er ein måneformørking rekna som eit sjeldent fenomen. Derfor bør du nytta sjansen til å få det med deg – om du har moglegheit til det.

Her kan du sjå kor lenge det er til neste formørking:

    1. november 2021 – Delvis måneformørking
    1. mai 2022 – Total måneformørking
    1. november 2022 – Total måneformørking
    1. oktober 2023 – Delvis måneformørking
    1. mars 2024 – Penumbra-formørking
    1. september 2024 – Delvis måneformørking
    1. mars 2025 – Total måneformørking
    1. september 2025 – Total måneformørking