Katten din veit meir om deg enn det du trur

Ny forskning syner at kattar kan ha eit djupare sinn enn me har trudd.

Viss du har ein katt, har du kanskje lurt på kva katten tenkjer. Bryr han seg eigentleg om deg. Lurer han på kvar du er? Høyrer han deg når du ropar på han? Eller er han berre interessert i deg når han er svolten?

No viser ny forskning at kattar ser ut til å ha full oversikt over eigarane sine – og kvar i huset dei er til ei kvar tid. Dei kan også bli overraska dersom eigarane deira dukkar opp ein plass dei ikkje hadde forventa. Det viser seg faktisk at dei følger meir med på eigaren sin enn ein kanskje skulle tru, skriv The Guardian. 

– Det blir sagt at kattar ikkje er så interessert i eigarane sine som det hundar er. No tviler me på at det stemmer, seier doktor Saho Takiagi ved universitet i Kyoto til The Guardian. Han er ein av forskarane som står bak studien.

Meir oppmerksam enn trudd

Dei japanske forskarane kartla korleis fleire kattar reagerte då dei fekk høyra både eigaren si stemme, framade si stemme og forskjellege katte-mjau.

Eksperimentet vart gjennomført med 50 kattar som vart plasserte i eit rom der dei var godt kjent. Medan katten var i rommet, vart namna deira ropt opp og spelt av på høgtalarar ulike plassar i rommet. Forskarane observerte kattane sine øyre- og hovudrørsler medan dei vart introdusert for lydane.

Først då kattane fekk høyra namnet sitt med stemma til eigaren, vart kattane forvirra.

– Forskinga viser at kattar mentalt kan kartleggja plasseringa si basert på stemma til eigaren. Dette tyder på at kattar kan ha ei djupare sinn enn me hadde trudd, seier Takagi.

Livsviktig instinkt

Roger Tabor, som er forfattar og programleiar i BBC-serien Cats, seier at han ikkje synest det er overraskande at kattar har denne evna. Det er nemleg eit livsviktig instinkt.

– At dei kan spora ting dei ikkje kan sjå, er avgjerande for at dei overlever. Noko av det ein katt må følga med på, er andre kattar som er inne på deira territorium. Ein katteeigar er ekstremt viktig for katten sin tilgang på både mat og vatn, så det er veldig viktig for den å vita kvar eigaren er, seier han til The Guardian.