Jobbar gratis resten av året

I dag er «likelønnsdagen»–dagen som skal setja fokus på at menn framleis tener meir enn kvinner.

Frå og med 15. november jobbar kvinner «gratis» ut året. Med det meiner me at kvinner i gjennomsnitt tener 87,5 prosent av det samme som menn gjer. 

– Kvinner tener 87 kroner for kvar hundrelapp menn tener, seier forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand til Din Side. 

Samansett kvifor det er slik

Det er fleire grunnar til at kvinner tener mindre enn menn, men éin av dei er at kvinner typisk har jobbar der løna er lågare.

Eksempel på slike yrke er sjukepleiar eller andre yrke i helsevesenet. Det er også fleire kvinner enn menn som har deltidsstillingar, og difor ikkje arbeider ei full arbeidsveke.

– Mange kvinner jobbar i lågtløna yrke og i yrke der det er vanskeleg å få ei hundre prosent stilling, som mellom anna helsevesenet. I tillegg er det framleis mange yrke som dessverre lønnar like stillingar ulikt, seier Tvetenstrand.

Er det greit at menn tener meir enn kvinner?

Er det greit at menn tener meir enn kvinner?

Ja7
Nei26
Eg veit ikkje2
Svar totalt: 35