Dette er den første kvinnelege statsministeren i Sverige

Ho blir omtalt som privat, skarp og beintøff. Sverige sin neste statsminister heiter Magdalena Andersson.

Magdalena Andersson:

Fødd: 23. januar 1967 (alder 54 år)

Parti: Sveriges socialdemokratiska arbetareparti

Utdanning: Siviløkonom

LES FAKTALUKK FAKTA

Nyleg vart Andersson vald til å bli partileiar på landsmøtet til Socialdemokraterna. Det er eit av dei svenske partia, og det kan samanlinkast med Arbeidarpartiet her i Noreg.

– Eg takka ja til å bli partileiar, fordi eg veit at Serige kan bli betre og at det er me sosialdemokratane som har løysningane på Sverige sine problem, sa ho til forsamlinga som høyrde på talen hennar.

Derfor er det no berre formalitetar att før ho kan presenterast som den nye statsministeren til naboane våre. Det gjer ho historisk – då dette er første gong svenskane har ei kvinne i dette vervet, skriv NRK.

– Står rak og er tydeleg

Andersson blir omtalt som ei kvinne som ikkje er redd for å seia det ho meiner. Ho blir også skildra som meir direkte i stilen sin, enn Sverige sin avtroppande statsminister, Stefan Löfven.

– Folk pleier å seia at eg er står rak og er tydeleg – at eg pleier å få ting gjort. Eg er utolmodig, sa ho nyleg.

Magdalena Andersson har sidan 2014 vore finansminister i Stefan Löfvens si regjering, og starta med politikk på 1990-talet.

Les også: Statsminister Jonas Gahr Støre skrotar fritidskort til barn 

Les også: Estland har fått sin første kvinnelege statsminister