Mobbing kan gi skulevegring

Elevundersøkinga frå hausten 2020 viser at nesten seks prosent av norske elevar blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. Dette kan føra til skulevegring.

For nokre av dei som utviklar skulevegring, kan det ta lang tid før dei føler at dei er klar for å gå på skulen att, skriv NRK.

Det gjer at mobbeombod i Trøndelag, Hans Lieng, er bekymra.

– Nokre får eit fråver der dei nesten ikkje er på skulen i eit eller to år. Då tapar dei mykje av det faglege og den sosiale utviklinga, seier han til NRK.

Kva er skulevegring?

  • Skulevegring er når ein ikkje har lyst til å gå på skulen, men ikkje klarar det. Årsaken kan mellom anna vera at ein ikkje føler seg trygg der.

Kvifor kan ein få skulevegring?

  • Mange av dei som utviklar skulevegring, har opplevd mobbing, saknar vennene sine på skulen eller opplever å ikkje vera særleg tett med lærarane sine.

Kva kan du gjera viss du trur du har skulevegring?

  • Snakk med ein trygg vaksen, og fortel korleis du føler det inni deg. De kan saman laga ein plan om korleis skulen skal bli ein trygg plass att.