Kraftige meteorar over Noreg

To gonger på under eit døgn vart det registrert meteorar over Noreg. Det er svært uvanleg.

– Mange i Sør-Noreg fekk sjå ein kraftig meteor i går kveld. I dag tidleg litt før soloppgang var ein ny, flott meteor å sjå på himmelen, skriv Norsk Meteornettverk på nettsidene sine.

Dei legg til at meteoren på torsdag var ein såkalla tauride og restar av ein komet. VG skriv at han brann opp over havet i vest.

Frå asteriodebeltet mellom Mars og Jupiter

Meteoren som viste seg på himmelen fredag morgon, var ein sporadisk meteor. Det er ein einsam meteor som ikkje er ein del av ein meteorsverm. Sistnemnde kjem frå asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter, og du kan sjå ein video Norsk Meteornettverk har tatt av kometen her.

Meteoren på fredag fall ned over Älvdal i Sverige. Norsk Meteornettverk melder at det er lite truleg at det kan finnast restar av han, då han truleg brann opp om lag 35 kilometer over bakken.

Les også: Elevar fann mikrometeorittar på skuletaket