Kvifor får nokon gode karakterar?

Ein svensk forskar har følgt ungdommar over lang tid og meiner at han han funne ut kva som ligg bak gode karakterar.

Göran Nygren er forskar ved Uppsala universitet i Sverige. Han har over lang tid følgt ei gruppe med svenske ungdomsskuleelevar. Han ville finna ut kva dei elevane som får aller best karakterar gjer som ikkje dei andre gjer, skriv Ung.Forskning.no.

Han intervjua rundt 50 elevar veldig grundig om skule og skulearbeid. Han snakka òg med foreldre og lærarar.

Dette var det han fann:

  • Det viste seg at det var det som skjedde heime som var viktigast for læringa til elevane.
  • Det viste seg at nesten alle dei flinkaste elevane hadde foreldre som var veldig interesserte i skulearbeid.
  • Foreldra hjelpte barna sine mykje med oppgåvene, og dei høyrde dei i leksar.
  • I tillegg var det ganske vanleg at foreldra skreiv oppgåvene for dei.
  • Dei flinkaste var veldig opptatt av læreboka. Dei las grundig det som stod der før dei samla inn meir stoff om temaet dei skulle jobba med.
  • Leksene var også heilt avgjerande for å få veldig gode karakterar.
  • Dei visste korleis dei skulle jobba. Det visste ikkje dei andre elevane.
  • Foreldra til dei flinkaste elevane hadde nesten utan unntak høg utdanning. Dei kunne hjelpa ungane sine i nesten alle fag.
  • I tillegg til at foreldra hjelpte barna mykje med leksene, snakka dei mykje ilag. Slik lærte barna seg språket som skal til for å diskutera og argumentera. Dette liknar det språket som skulen brukar.
  • Foreldra prøvde heile tida å gjera barna sine nysgjerrige på kunnskap.

Skulen gjer forskjellane større

Me kjem frå forskjellige familiar. Mange har foreldre som ikkje har høg utdanning, både i Noreg og Sverige. Forskaren meiner derfor at det er eit problem at så mykje av skulearbeidet blir gjort heime.

Skulen skal vera rettferdig. Det skal ikkje spela noka rolle kva familie du kjem frå.

– Slik er det ikkje i dag. Skulen gir ikkje alle elevane like moglegheiter. Tvert imot forsterkar den skilnadar mellom elevane, meiner Nygren.