Amerikanske legar klarte å kopla grisenyre til menneske 

I Noreg står 438 personar på venteliste for å få ei ny nyre, då deira ikkje verkar slik den skal. No håpar legane at den nye forskinga kan gje håp.

Ventelister på transplantasjonar er eit kjempeproblem. Nyrene har mange funksjonar, men den viktigaste oppgåva til nyrene er å fjerna avfallsprodukt og overflødig væska frå blodet.

Den norske kirurgi-professoren Pål-Dag Line har fått med seg hendinga i USA.

– I dette tilfellet har ein brukt moderne teknologi for å endra gena hos gris. Ein tar ein viss type gris der genane til grisane er modifiserte til å likna menneske, seier han til Nettavisen.

Å modifisere gener betyr å endra grisen sin genetiske samansetning, ved hjelp av genteknologi.

– No er det sånn at ein har verktøy som gjer at ein kan ta enkeltgener og endra dei. For å seia det litt enkelt. Det ser framleis ut som ein gris, men har andre genar.

Eit mirakel

Pål-Dag Line forklarer det dei amerikanske kirurgane har fått det til slik:

– Dei har testa at eit genmodifisert organ frå ein gris, ikkje umiddelbart blir avstøtt av menneskekroppen. Normalt sett vil eit menneske få ein intens betennelsesreaksjon og blodårene i nærleiken av organet ville tetta seg, seier Line.

Av legane som bistod under operasjonen blir transplantasjonen kalla eit «mogleg mirakel», skriv NRK.