Erklærer tørkekrise for heile California

Guvernør Gavin Newsom ber innbyggjarane i den amerikanske staten om å spara vatn. Newsom erklærte nyleg tørkekrise for heile California.

– Når heile det vestlege USA står føre eit tredje år med fare for tørke er det heilt kritisk at alle californiarar gjer sitt for å spara vatn på alle moglege måtar, seier Newsom til Los Angeles Times.

50 av fylka til staten har vore i krisetilstand sidan juli, men med den nye fråsegna blir òg dei åtte fylka som ikkje har tatt del i krisetilstanden inkludert. Blant dei åtte fylka er det svært folkerike stader som Los Angeles, Orange, San Francisco og San Berndardino.

Guvernøren anbefaler alle å redusera vassforbruket med 15 prosent, og åtvarar mot at sterkare tiltak kan måtta setjast i verk om måla ikkje blir nådde.